Ut på turUt på tur


Fresvik er eit flott utgangspunkt for fotturar både i og rundt Nærøyfjorden verdsarvområde. Det er mogleg å ta turar av variert lengde, alt i frå ein 30 minutts gange til dramatiske fossefall i UNESCO-området til lengre dagsturar opp til Fresvikbreen. For inspirasjon, besøk Fresvik si heimeside, eller kjøp boka "Opptur i Sogn og Fjordane".

Dersom de ynskjer gå på eiga hand, er Frøys hus behjelpelege med kart, kompass og vegforklaringar. Me kan også ordne guida turar etter forespørsel. For dei som ynskjer ein historisk smakebit frå Fresvik, kan guida kulturvandringar anbefalast (kontakt oss for avtale).

For folk som har erfaring med kajakk og ynskjer å padle, er det moglegheiter for rimeleg leige av kajakk ved fjorden i Fresvik. Å oppleve landskapet frå både fjord og fjell kan verkeleg anbefalast! Om du ynskjer å sykle langs sognefjorden, har Frøys hus 4 syklar som me gjerne leiger ut for ein rimeleg pris.

 

Designet av M8 Design. Drevet av Tag Content Studio.
post@froyshus.no