Råvarer og filosofiRåvarer og filosofi

Råvarer og filosofi

Me freistar ta bevisste val ved bruk av råvarer. Heilt optimalt er råvarene kortreiste, økologiske, klimavenlege og artar som ikkje er på raudelista! Ettersom dette ikkje alltid let seg gjere praktisk sett, må me gjere visse kompromiss for å likevel finne dei mest berekraftige løysingane. Heilt grunnleggjande, så skal flest mogleg råvarer komme frå den økologiske garden vår.

Me kjøper inn mykje lokale råvarer frå den elles så fruktbare sogneregionen. Frukt og bærproduksjon er utbreitt, det er moglegheiter for fangst av fisk og skalldyr i fjorden og gras- og urtekledde fjellsider gir godt grunnlag for beitande dyr.

 

 

Designet av M8 Design. Drevet av Tag Content Studio.
post@froyshus.no