
Frøys frukost vert servert som ståande buffet, komponert av lokale, økologiske råvarer. Grovbrød og horn vert baka på huset og det meste av youghurt, frukt og bær kjem frå Fresvik. Kjøttpålegg som lammerull eller pastrami kjøper me frå det lokale slakteriet Vikjakjøtt, og smakfulle frukostegg sørgjer våre økologiske høner for.
Ingenting er som å nyte maten ute i det fri. Dei som ynskjer ein fjelltur, piknik i hagen eller på ein av våre anbefalte rasteplassar, kan gjerne kjøpe med seg vår lunsjpakke med drikke. Den inneheld enten smørbrød eller salatar med bæryoghurt, frukt, eplesaft og kaffi, kakao eller te. Elles serverar me også lunsj på tallerken eller som ståande buffet.
Me prøvar stadig å komponere middagsrettar og dessertar sett saman av råvarene me finn i nærområdet. Lokalt kje, lam, og hjort er mykje brukt på kjøttmenyen. Av sjømat vert det laga rettar av blant anna sjøkreps, breiflabb og kveite frå sognefjorden, alt etter kva fiskaren får i garnet. Vegetarmenyen er stort sett basert på råvarer frå eigen hage, og varierar difor etter sesongen. Middagen vert servert som 3 rettar eller som ståande buffet.