MattankarMattankar

Mattankar

På Frøys kjøkken lagar me matrettane frå grunnen av. Me lagar mat me er glade i sjølve og legge vekt på tradisjonsrik sognamat samtidig som me også likar å finne nye rettar basert på dei råvarene me finn i området.

Produkt frå svarthyllen går att som ein raud tråd i menyen, ettersom Frøys hus ligg på ein av få svarthyllgardar i landet. Frå denne planta kan ein bruke både blomst, grøne bær og modne bær til mange spennande produkt og rettar.

Hylleblomsteddik og hylleblomstsaft vert brukt i alt frå dessertar til salatar. Samtidig lagar me ein frisk, sprudlande hylleblomstchampagne som smakar av sommar og sol. Grøne bær vert til kapers, brukt i fiskerettar og sausar som salsa verde. Dei fullmodne, blåsvarte bæra, proppfulle med antioksidantar, vert det laga saft, syltetøy og likør av. Ein god vin me brukar mykje som basis i sausar på Frøys kjøkken, er basert på hyllebær og eple.

 

Designet av M8 Design. Drevet av Tag Content Studio.
post@froyshus.no