Køyr ring 3 vestover mot Sandvika der du tek mot Hønefoss. Hald fram i retning Flå, Nesbyen og campingparadiset Gol, passer alle desse, køyr holsfjellet frå Gol, gjennom spektakulært landskap og kronglete veg.
Alternativt kan ein køyre gjennom Hemsedal, over fjellet og ut Lærdal. Ta til venstre ved Håbakken, og nyt turen gjennom verdas lengste hol; Lærdalstunnelen.
Frå Aurland, køyr i retning Bergen til du kjem til Vinje, der du held fram over Norges mest stengte fjellovergang, Vikafjellet, forbi Vik, Vangsnes og Feios og vips er du i Fresvik.
Dersom du ikkje likar tanken på å vitja Hordaland fylke eller Vikafjellet er stengt, kan du i staden reise rett forbi lærdalstunnelen, mot Fodnes og ta turen forbi Sogndal og Leikanger til du kjem til Hella, køyr ombord i ferja, køyr i land på Vangsnes og fortset dei knappe to mila austover og vips er du i Fresvik.