
Reisetid til Frøys Hus og Fresvik frå Oslo og Bergen er omlag 7,5 og 3,5 timar sommarstid. Det er mange flotte stader å stoppe langs vegen til Frøys Hus og Fresvik, me anbefalar difor gjester frå Oslo å overnatte midtvegs. Slik håpar me de også vil nyte reisa, ikkje berre målet! Finn detaljerte reiseskildringar her, eller kontakt oss gjerne for vidare hjelp.
Me anbefalar våre gjester å sykle større eller mindre delar av vegen hit. Frå 3 mil til 3 km langs fjorden, alt etter kva du vil. Frøys Hus har syklar til disposisjon og me hentar gjerne bagasjen din om du vil nytte denne moglegheita.
Frå Oslo med bil
Kollektivreisande frå Oslo
Frå Bergen med bil
Kollektivreisande frå Bergen