
Stokk på stokk..
Det fine med hus som er lafta, er at ein kan plukke dei ned, flytte dei og sette dei opp att på nye stader! Dette har vore vanleg her i landet langt attende i tid. Vårt hus vart bygd på den vakre høgdegarden Josten Søre på Otta i Gudbrandsdalen omkring 1942. Tømmeret kom frå eigen skog og garden sitt eige sagbruk vart nytta i byggeprosessen.
Ved flytting av hus må ein ofte ta visse klimatiske omsyn. Otta i Gudbrandsdalen er ein av dei turraste stadane i landet i motsetning til Fresvik som har over det dobbelte i årsnedbør. Det var difor naturleg for oss å kle huset utvendig. Frøys hus står utvendig i stil med den lokale arkitekturen, men interiøret ber preg av at huset opprinneleg kjem frå Gudbrandsdalen.